Vår kjære, omsorgsfulle ektemann, pappa, svigerfar, farfar og besten, har gått ut av tida.
Pappa var mange ting, han var kaptein, fiskar, lærar, småbrukar, forfattar, engasjert debattant (alltid på lag med den svake part), fruktdyrkar, birøktar og ertekrok. Han var også ein stor dyrevenn, som heilt til det siste var opptatt av om vi hadde hugsa å gi småfuglane mat. Men først og fremst var han ein familiemann, med stor omsorg for flokken sin. Vi som sit att kjenner på takknemlegheit for den, og det han var, og sorg over det vi har mista.
Han la ned mykje innsats for å holde i hevd og gjere heimgarden her i Vågneset til eit ankerpunkt for oss alle. Det var derfor heilt spesielt og symbolsk for oss, at tuntreet på garden datt i ekstremvêret Ingunn, på same tid som kreftene til pappa svann hen.
Vi vil spesielt rette ein stor takk til heimesjukepleien som har vist stor omsorg for både pappa, og for alle oss som høyrer han til. Alltid vennlege, tolmodige, omsorgsfulle og respektfulle. Og sjølv om vi veit dei har hektiske arbeidsdagar, tok dei seg alltid tid til å høyre på ei, eller fleire av pappa sine historier når dei var innom. Takk vere deira innsats fekk han avslutte livreisa slik han helst ønskte; heime med utsikt over vika og alle sine rundt seg.
Takk for alt du var for oss Vi saknar deg Kvil i fred
Vis mer
Vis mindre