Ro stilt langsmed landet for kvelden er nær, den annsame dag er til ende. Du kjem frå langferd, og no er du her, og strendene tykkest deg kjende.
Ro stilt langsmed landet, med glede i sinn, om skuggane legg seg på fjorden. Sving opp imot støa, legg årane inn, og så kan du takke for roren.
Takk for alle gode minne. Helsing og fred til folket under Sulafjellet.