Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Du hadde mange talent, onkel Leiv. Rask og spretten tok du mange idrettsmerke. Du var ein pioner i databransjen, både som adm direktør på Møredata og etterpå som importør av David pcar. Og du hadde arva musikaliteten frå bestemor di Olivia, der du under tida på Åndalsnes spelte i to korps og dirigerte eit tredje før du i helgane underheldt med dansemusikk. Heile livet var du stordalspatriot, besøkte Bøsdalen trottig så lenge bror din og kona Asbjørg levde. Du fylte støtt med på kva som rørte seg i dette bygdesamfunnet, der du hadde alle dine gode barndoms-og ungdomsopplevingar på traktor og motorsykkel. Du prøvde til og med å gi ditt bidrag til å byggje samfunnet der då du fekk oppført blokka som no hyser legesenter og helsestasjon. Men Ålesund vart heimplassen din frå 1970 til du døydde. Der bygde du og tante Elsa den fine heimen ved Litlevatnet, før dokke to valde å flytte til lettstelt leiligheit nedom Moa syd. Det var alltid godt å få besøkje deg der også etter at du vart enkenann. Alltid gjestfri, alltid med mange og gode historier frå liv og lagnad. Det var støtt så klårt kor høgt du sette alle dine nære. Og eg fekk høyre nytt om kvar i sær som du vara. Takk onkel Leiv for at eg fekk møte deg der i det fine husværet i blokka nedom Moa. No ser eg deg sitje med ryggen mot grøntområdet vestom blokka, medan du fortel enno ei festleg soge frå Stordal, Åndalsnes, Jørstadmoen, Oslo eller Ålesund. Alltid lettlynd, empatisk sjølv om du hadde eigne plager, alltid med dette milde vesenet som har sett slike spor i mange av oss. No har du 'og lagt ut på den reisa alle vi menneske lyt ta. Til slutt.