Takk for alle gode og artige minner.
Det er vanskeleg å ta inn over seg at ein ikkje skal få treffest meir - du var så lystige sist du var her.
Eg tenkjer på dine kjære og nære, som du var så glad i.
Alle dine vener - fjern og nær.
Når ein er heldig og berre har gode minne, så er tapet stort. Saknet, òg. Men i tankane kan ein reise både att og fram i tid, og minna som kallar på smil og latter er mange.
Takk for at du var den du var - raus, klok, artig og kjærleg.
For at du var så dyktige til å strikke - for då kunne eg kjøpe sokkar og andre kjekke ting hos deg.
For gode stunder rundt Meteor'en når vi bakte lefser, flatbrød og skvettebrød.
Og takk for dei gongane vi såg sola både gå ned og stå opp.
Det vil alltid vere godt å tenkje på deg.
Ein siste helsing frå Gunn.
Takk for alle gode minner
Even, Øyvind, Morten, Gunnar og Kjetil med familier